Hopp til hovudinnhald
TVERRFAGLEG

Oppdrag miljø

Akkurat no snakkar heile verda om klima- og miljøsaka. For å finne gode løysingar på denne saka, er vi nøydde til å snakke saman på tvers av landegrensene. Her kan du lære klima- og miljøvokabular på fem språk samstundes som du gjer ein innsats sjølv. 

Oppdrag miljø på fem språk

  • Oppdrag miljø på norsk

    Vel tre miljøvenlege ting du vil gjere neste veke. Lag tre filmar på maks eitt minutt, der du fortel om korleis det gjekk. Du kan til dømes velje: Ta toget/bussen, reparere eller byte. 

    Fortel til dømes om utfordringar ved alltid å ta offentleg transport. Går det tog og buss ofte nok der du bur? Kva måtte du gjere for å kome deg på trening, til skulen eller på fest? Opplevde du noko morosamt fordi du måtte vente ein time ekstra på ein kafé? Eller måtte du sove over hos ein ven fordi du mista bussen?

    Klarte du å reparere noko, til dømes sykkelslangen din eller eit hol i genseren?

    Arrangerte du ein byttefest for venene dine? 

    Snakk rett inn i kameraet om både det som gjekk bra, og det som var vanskeleg. 

    Illustrasjonar: Christine Clemmensen

  • Oppdrag miljø på fransk

    1. Vel fem ord og uttrykk du ikkje kan frå før, og finn ut korleis du uttalar dei på fransk. Deretter bruker du minst tre ulike hjelpemidlar, til dømes ordbok, Wikipedia og Google Translate for å funne ut kva orda betyr på norsk. 
    2. Set deg saman med ein medelev. Fortel medeleven kva dine ord og omgrep betyr, og korleis dei skal uttalast. Så byter de. Er de heldige, har dere no lært 10 nye ord og omgrep om miljø. 
    3. Teikn nye tre med dei orda de har jobba med i klassen. Heng dei opp i klasserommet og snakk litt om miljø kvar dag. 

    Vel tre miljøvenlege ting du vil gjere neste veke. Lag tre filmar på maks eitt minutt, der du fortel om korleis det gikk. Du kan til dømes velje: transports en commun, économie d’énergie, recycler / réparer. Snakk på norsk eller fransk, eller begge delar. 

    Til dømes kan du snakke om utfordringar ved alltid å ta offentleg transport. Går det tog og buss ofte nok der du bur? Kva måtte du gjere for å kome deg på trening, til skulen eller på fest? Opplevde du noko morosamt fordi du måtte vente ein time ekstra på ein kafé? Eller måtte du sove over hos ein ven fordi du mista bussen? Var det vanskeleg å skru av lyset når du gjekk ut av eit rom? Fann du den fine ullgenseren du heilt hadde gløymt då du måtte kle på deg litt meir fordi temperaturen på rommet ditt var lågare? Klarte du å reparere noko, til dømes sykkelslangen din eller eit hol i genseren? 

    Snakk rett inn i kameraet om både det som gjekk bra, og det som var vanskeleg. 

    Franske omgrep du kan bruke når du snakkar i filmen. 
    Cette semaine, j’ai…
    Je voulais…/J’ai voulu…
    J’ai réussi à…/Je n’ai pas réussi à…
    J’ai seulement pu…
    Je n’ai pas pu… 
    Ma famille a aussi…
    Dans le futur, nous allons aussi… 
    Dans le futur, je vais aussi…
    Ma famille trouve que c’était nul/pas pratique/super/génial/difficile…
    J’ai trouvé l’expérience bien, géniale, intéressante, bizarre…

    Illustrasjonar: Christine Clemmensen

  • Oppdrag miljø på spansk

    1. Vel fem ord og uttrykk du ikkje kan frå før, og finn ut korleis du uttalar dei på spansk. Deretter bruker du minst tre ulike hjelpemidlar, til dømes ordbok, Wikipedia og Google Translate for å funne ut kva orda betyr på norsk. 
    2. Set deg saman med ein medelev. Fortel medeleven kva dine ord og omgrep betyr, og korleis dei skal uttalast. Så byter de. Er de heldige, har dere no lært 10 nye ord og omgrep om miljø. 
    3. Teikn nye tre med dei orda de har jobba med i klassen. Heng dei opp i klasserommet og snakk litt om miljø kvar dag.  

    Vel tre miljøvenlege ting du vil gjere neste veke. Lag tre filmar på maks eitt minutt, der du fortel om korleis det gikk. Du kan til dømes velje: tomar transporte público, ahorrar electricidad, reparar. Snakk på norsk eller spansk, eller begge delar. 

    Til dømes kan du snakke om utfordringar ved alltid å ta offentleg transport. Går det tog og buss ofte nok der du bur? Kva måtte du gjere for å kome deg på trening, til skulen eller på fest? Opplevde du noko morosamt fordi du måtte vente ein time ekstra på ein kafé? Eller måtte du sove over hos ein ven fordi du mista bussen? Var det vanskeleg å skru av lyset når du gjekk ut av eit rom? Fann du den fine ullgenseren du heilt hadde gløymt då du måtte kle på deg litt meir fordi temperaturen på rommet ditt var lågare? Klarte du å reparere noko, til dømes sykkelslangen din eller eit hol i genseren? 

    Snakk rett inn i kameraet om både det som gjekk bra, og det som var vanskeleg. 

    Spanske omgrep du kan bruke når du snakkar i filmen.
    Esta/La última semana he ...
    Quiero ...
    No he logrado … / He logrado …
    Sí, he podido reparar más. / No, no he podido reparar más.
    Solo he podido ...
    No he podido ...
    Mi familia también ha ...
    También en el futuro queremos/quiero ...
    Para mi familia ha sido difícil / poco práctico / pesado / interesante / bueno / maravilloso.
    Ha sido una experiencia estupenda / interesante / muy buena / fascinante / aburrida.

    Illustrasjonar: Christine Clemmensen

  • Oppdrag miljø på tysk

    1. Vel fem ord og uttrykk du ikkje kan frå før, og finn ut korleis du uttalar dei på tysk. Deretter bruker du minst tre ulike hjelpemidlar, til dømes ordbok, Wikipedia og Google Translate for å funne ut kva orda betyr på norsk. 
    2. Set deg saman med ein medelev. Fortel medeleven kva dine ord og omgrep betyr, og korleis dei skal uttalast. Så byter de. Er de heldige, har dere no lært 10 nye ord og omgrep om miljø. 
    3. Teikn nye tre med dei orda de har jobba med i klassen. Heng dei opp i klasserommet og snakk litt om miljø kvar dag. 

    Vel tre miljøvenlege ting du vil gjere neste veke. Lag tre filmar på maks eitt minutt, der du fortel om korleis det gikk. Du kan til dømes velje: Öffis nehmen, Strom sparen, reparieren. Snakk på norsk eller tysk, eller begge delar. 

    Til dømes kan du snakke om utfordringar ved alltid å ta offentleg transport. Går det tog og buss ofte nok der du bur? Kva måtte du gjere for å kome deg på trening, til skulen eller på fest? Opplevde du noko morosamt fordi du måtte vente ein time ekstra på ein kafé? Eller måtte du sove over hos ein ven fordi du mista bussen? Var det vanskeleg å skru av lyset når du gjekk ut av eit rom? Fann du den fine ullgenseren du heilt hadde gløymt då du måtte kle på deg litt meir fordi temperaturen på rommet ditt var lågare? Klarte du å reparere noko, til dømes sykkelslangen din eller eit hol i genseren? 

    Snakk rett inn i kameraet om både det som gjekk bra, og det som var vanskeleg. 

    Tyske omgrep du kan bruke når du snakkar i filmen. 
    Diese/Letzte Woche habe ich ...
    Ich wollte ...
    Das habe ich (nicht) geschafft.
    Mehr zu reparieren hat gut/nicht geklappt.
    Ich konnte nur ...
    Ich konnte nicht ...
    Meine Familie hat auch ...
    Wir wollen auch in Zukunft ...
    Ich will auch in Zukunft ...
    Meine Familie fand das doof/unpraktisch/toll/sehr gut/anstrengend/super.
    Ich habe dabei etwas Tolles/Schönes/Interessantes/Merkwürdiges erlebt.

    Illustrasjonar: Christine Clemmensen

  • Oppdrag miljø på engelsk

    1. Vel fem ord og uttrykk du ikkje kan frå før, og finn ut korleis du uttalar dei på engelsk. Deretter bruker du minst tre ulike hjelpemidlar, til dømes ordbok, Wikipedia og Google Translate for å funne ut kva orda betyr på norsk. 
    2. Set deg saman med ein medelev. Fortel medeleven kva dine ord og omgrep betyr, og korleis dei skal uttalast. Så byter de. Er de heldige, har dere no lært 10 nye ord og omgrep om miljø. 
    3. Teikn nye tre med dei orda de har jobba med i klassen. Heng dei opp i klasserommet og snakk litt om miljø kvar dag. 

    Vel tre miljøvenlege ting du vil gjere neste veke. Lag tre filmar på maks eitt minutt, der du fortel om korleis det gikk. Du kan til dømes velje: urban gardening, ride a bike, repair. Snakk på norsk eller engelsk, eller begge delar. 

    Til dømes kan du snakke om utfordringar ved alltid å ta offentleg transport. Går det tog og buss ofte nok der du bur? Kva måtte du gjere for å kome deg på trening, til skulen eller på fest? Opplevde du noko morosamt fordi du måtte vente ein time ekstra på ein kafé? Eller måtte du sove over hos ein ven fordi du mista bussen? Var det vanskeleg å skru av lyset når du gjekk ut av eit rom? Fann du den fine ullgenseren du heilt hadde gløymt då du måtte kle på deg litt meir fordi temperaturen på rommet ditt var lågare? Klarte du å reparere noko, til dømes sykkelslangen din eller eit hol i genseren? 

    Snakk rett inn i kameraet om både det som gjekk bra, og det som var vanskeleg. 

    Engelske omgrep du kan bruke når du snakkar i filmen. 
    This/Last week I have ...
    I want to ...
    I have not managed to … / I have managed to …
    Yes, I have repaired more. / No, I have not repaired more.
    I have just been able to ...
    I have not been able to ...
    My family has also ...
    In the future too, we want to / I want to ...
    For my family it has been difficult / not very practical / exhausting / interesting / nice / fantastic.
    The experience has been great / interesting / very nice / fascinating / boring.

    Illustrasjonar: Christine Clemmensen